Rognebæra

 

Det er luft overalt. Heile verda er fylt med luft, imellom alle trea, husa, fjella, over bekkane, elvene, havet. Lufta ligg imellom folka som går og dreg den med seg rundt, og lufta flyttar på seg mellom folka, mellom alle trea, husa, fjella, over bekkane, elvene, havet. Lufta flyttar på seg og heiter vind. Og lufta har vatn i seg, og den er varm og kald og alle stader. Den går gjennom alle dyra, alle menneska.

Og i lufta flyg det raude bær, frå rognetrea. Noken dett berre ned i bakken, men noken flyg i lufta. Med vinden. Noken flyg langt, men andre flyg så kort at dei nesten berre dett. Ho ser det frå vindauget. Han ser det frå vindauget. Dei står ved sida av kvarandre, så tett at når ein av dei pustar litt ekstra inn så brystkasa hevar seg litt ekstra, og dermed løftar skuldre, armar, hender, litt ekstra, så rører fingrane så vidt ved kvarandre.

Kor lenge dei har stått sånn veit ingen. Dei merkar ikkje tida. Og ingen andre veit at dei har stilt seg opp, så dei som veit kva tida er og var, dei veit heller ikkje kor lenge dei har stått sånn. I vindauget. Og kikar. Først med auge som flyttar på seg og ser, så med auge som berre stirar ut i lufta. Men rognebæra klarar å fange auga, og gjer ei meining til stiringa. Dei skapar ei tid, tida det tar frå dei lausnar frå treet og til dei landar på bakken. Eller forsvinn med vinden. Kor lenge kan dei stå slik?

Vindauget er stort, det er fire store vindauge ved sida av kvarandre. Dei står foran det eine. Det kunne vore kva for eitt av dei fire store vindauga, men det er det nest lengst til høgre dei står foran. Viss ein ser det innanfrå. Og det gjer dei. Dei ser ut. Det er dag enno. Eller, i alle fall er det lyst. Når det vert mørk kan dei ikkje sjå ut lenger. Når det vert mørkt kan dei berre sjå seg sjølv, heile kroppen er i speglinga, men auga møter auga og ser berre dei, og resten berre er der. Viss dei endrar fokus, kan dei kanskje sjå lyktestolpane på hi sida av fjorden. Bittesmå lyskjelder på rad og rekke langs ei line. Og kanskje ei lyskjegle som følger lina frå høgre til venstre, eller frå venstre til høgre. Ein bil på veg.

Når det vert mørkt er ikkje rognebæra raude lenger. Kanskje flyttar ikkje lufta så mykje på seg lenger heller, kanskje er vinden løya og let bæra henge i fred på treet sitt. Men same om dei flyg eller heng, så er dei ikkje raude meir. Ikkje før i morgon.